Kontakt oss
- Hjemmeside:
- http://vestvvs.no
- E-post:
- postvestvvs.no
- Hovednummer:
- 56 36 36 00
- Besøksadresse:
-
Torvhusmyrane 18
5913 Eikangervåg - Postadresse:
-
Torvhusmyrane 18
5913 Eikangervåg
Informasjon
Kven er me?
Bedrifta VEST VVS AS består av fire eigarar: Einar Stusdal, Tor Marcus Maaseide, Ricky-Leander Vetås og Christine Westervik.
Me har lager og kontor i Nordhordland næringspark, Eikangervåg.
Sjølve firmaet er relativt ferskt då me starta opp i juni 2019, men me utgjer likevel ein solid stab med ei samla rørleggarerfaring på kring 40 år.
Me har tre røyrleggarar (der to har mesterbrev ), ei som tek seg av lager/kontor/dagleg drift, og me har ein dyktig rørleggerlærling.
Dei fire fast tilsette har alle lik andel eigarskap i bedrifta. Det vil seie at alle er mest mogleg opptatt av å jobbe effektivt samt gjere ein skikkelig jobb samtidig.
Me tenker sjølv at dette er ein god modell; Me kjenner på ein stolthet i å levere kvalitet til alle våre kundar og samarbeidspartnarar.
Kundar og oppdrag:
Kundane våre har ei geografisk plassering primært i Alver, Masfjorden, Gulen, Austrheim, Bergen og Osterøy.
Me driv både med nybygg og rehablitering av bad/bolig, sanitær, varme, vann, avløp, vannbehandling, bassengdrift, og diverse service.
Sidan me er så heldig å ha mange gode samarbeidspartnere innan faga tømrer, mur/flis, elektro, gulvlegger, maler og entreprenør kan me også ta på oss totalentreprise på prosjekt der det er ønskelig.
Vest VVS AS er med i den landsomfattande kjeda Rørkjøp, noko som gjev oss muligheta til å vere konkurransedyktig på markedet.
Visjon og bedriftsmodell:
Me er opptatt av å jobbe kostnadseffektivt; den rørleggaren du som kunde møter skal i størst mogleg grad vere den du forheldt deg til, heilt frå første kontakt til ferdig resultat.
Slik har du og rørleggeren full kontroll og oversikt på prosjektet, og ein slepp innvolvere fleire som kanskje kan vere med på å skape eit forstyrrande/forlengande element i prosessen.
Me er ikkje redd for å prøve nye metodar/tilegne oss ny kunnskap i markedet og tenker sjølv at me er løysingsorienterte.
Bedrifta vår har til no ikkje brukt mykje midlar på markedsføring, me ønsker å vere ei bedrift som «går godt på folkemunne».
Me legg mykje stolthet i det me held på med, og ønsker at dei som møter på oss skal sitte igjen med eit godt inntrykk heile vegen.
Difor velger me blant anna alltid å gjere kundar oppmerksam på kva som inngår i ein pris - me vil ikkje gje kundane våre nokre ubehaglege overraskinger.
Meir informasjon om oss?
For å få eit breiare inntrykk av kven me er kan ein gjerne besøke våre profilar på facebook og instagram.
Foretaksinformasjon
Vest VVS AS har organisasjonsnummeret 822810772.

