Kontakt oss

Hjemmeside:
http://www.indresognsparebank.no/
E-post:
postsognbank.no
Hovednummer:
57 64 85 10
Besøksadresse:
Statsråd Evensens veg 8
6885 Årdalstangen
Postadresse:
Statsråd Evensens veg 8
6885 Årdalstangen

Informasjon

No er vi Sogn Sparebank

Tre blir til ein - Indre Sogn Sparebank, Vik Sparebank og Aurland Sparebank er no Sogn Sparebank.

Den fusjonerte banken blir ein solid sparebank som er godt forankra i midtre og indre Sogn. Sogn Sparebank vil styrka konkurransen til fordel for både privatkundar og næringslivet i regionen.              

 

Saman er vi sterke

Viktige faktorar for fusjonen har vore å få etablert eit større fagmiljø, bli meir konkurransedyktige, og få større løfteevne ovanfor lokalt næringsliv. Sogn Sparebank skal vere til stades der kundane bur, med dyktige rådgjevarar for både privatkundar og bedrifter. Vi skal hente det beste frå dei tre bankane for å bidra til vekst og utvikling i Sogn. Sogn Sparebank vil ha om lag 50 tilsette som vil gje gode finansielle råd til deg som kunde.

 

Kva samanslåinga betyr for deg som kunde:

Inntil vidare skal du nytte banken din som du alltid har gjort. Det betyr at dagens telefonnummer, nettbank, mobilbank, avdelingskontor og rådgjevarar er som før. Banken er større, - men fortsatt like lokal. Du får dei same fordelane, og vi er like tilgjengelege. Vi kjem til å bruke april og mai til å samkøyre organisasjonen, datasystem, og dei digitale tenestene. Informasjon om felles telefonnummer, felles nettbank og mobilbank vil bli publisert etter kvart som dette kjem på plass. Vi vil få ei felles heimeside frå midten av mai.

 

Nytt namn og logo:

Sogn Sparebank er eit samlande namn, og viser tydeleg kva som er nedslagsfeltet vårt. Den nye banken skal sikre eit godt og breitt banktilbod. Sogn Sparebank er difor eit rett namn for vidare utvikling, både som merkevare, og med tanke på geografisk plassering.

Fram mot sommaren vil logoen gradvis bli utskifta på alle flater me opererar på. Det vil derfor i ein kortare periode vere både ny og gamal merkevare synleg rundt om kring.

 

Kva ein får utført på avdelingskontora

Du møter oss på våre avdelingskontor, akkurat som før. Uansett kvar de henvender dykk, så vil vi hjelpe til så godt vi kan.

 

Innskotsgarantien:

Nokre innskytarar er i dag kunde i fleire av dei fusjonerte bankane. Dei vil bli kontakta av banken etter at fusjonen er gjennomført med informasjon om innskotsgarantiordninga. Ein må då ta stilling til om ein ynskjer å fordele innskot som overstig NOK 2.000.000,- på andre bankar som er medlem av Bankenes sikringsfond.

 

Vi ynskjer med dette alle våre kundar velkommen til Sogn Sparebank!

Åpningstider

Dag Fra Til  
Man 08:30 15:00 Kundesenter
Tirs 08:30 15:00 Kundesenter
Ons 08:30 15:00 Kundesenter
Tors 08:30 15:00 Kundesenter
Fre 08:30 15:00 Kundesenter

Foretaksinformasjon

Sogn Sparebank har organisasjonsnummeret 837897912.